Site Overlay

Kan VR-teknologi dempe angstsymptom?

Kan VR-teknologi dempe angstsymptom? Det var ein av treningsmetodane INTROMAT prøvde i eit studie om digitale intervensjonar for ungdommar med prestasjonsangst 

Rundt 50 prosent av ungdom og vaksne som slit med prestasjonsangst kan utvikla generalisert sosial angst seinare i livet.  

Sosial angst er gjerne noko som oppstår i ungdomsalderen, og fleire av dei vaksne som søkte hjelp for angst i eMeistring i Helse-Bergen hadde hatt plager i 14 år før dei søkte hjelp.  

– Målet vårt med studie var å sjå på førebyggande tiltak og nå ut til ungdom før vanskane deira, med blant anna prestasjonsangst, spreidde seg til andre sosiale situasjonar, seier Smiti Kahlon ein av utviklarane av programmet UngSpotlight.  

Smiti Kahlon, PhD-kandidat

 INTROMAT i Helse-Berge starta to studie samtidig som dei utvikla sjølve kurset som ungdommen skulle bruka i behandlinga. 

Kurset vart kalla UngSpotlight og vart utvikla i samarbeid med Youwell som skaper verktøy for digitale intervensjonar.  

– Det har vore veldig spennande og lærerikt å utvikla kurset. Spesielt kjekt har det vore å utforma behandlingsverktøy på plattforma til Youwell, og ha eit tett samarbeid med dei, seier Kahlon.  

Psykologstudentar, erfarne psykologar med CBT-bakgrunn og ungdommar var også med i utviklinga. Dei fekk også god hjelp av Philip Linder, psykolog og forskar på det Karolinska Institutt i Sverige. Han har tidligare forska på bruk av VR-teknologi for vaksne og bruk av treningsmetoden på ungdom.  

– Brukarmedverknad har vore eit viktig fokus, og me har prøvd ulike behandlingar på ungdom før me starta inkludering av deltakarar. Ungdommen har også vore med å utforma intervensjonane undervegs og kome med tilbakemeldingar, fortel Kahlon.  

Var vanskeleg å få ungdommar til VR-studie  

I den første studien testa dei om VR-trening kunne fungera som ein treningsmetode for ungdom. Ungdommane gjennomførte ein 90-minutters treningssesjon på Haukeland saman med ein terapeut.  

Resultat frå studien viste at ungdom opplevde at treninga hjelpte dei, og at dei fekk mindre symptom på prestasjonsangst enn dei hadde før treninga. Symptoma heldt seg også stabile på tre månadars oppfølginga.  

– Det var vanskeleg å rekruttera ungdommar. Mest truleg fordi dei måtte møta fysisk på sjukehuset og snakka med ein terapeut, seier Kahlon.  

Den andre studien vart difor gjennomført som rein sjølvhjelp som ein fire-arma RCT med totalt 100 deltakar. Dei som deltok var i alderen 13-16 år og all treninga dei skulle gjera måtte dei gjera på eiga hand.  

Gruppe 1: Ungdom som kun fekk VR-trening 

Gruppe 2: VR trening som vart etterfølgt av nettbasert eksponeringsdel  

Gruppe 3: Nettbasert psykoedukasjon som vart etterfølgt av nettbasert eksponering (aktiv kontrollgruppe)  

Gruppe 4: Venteliste, etterfølgt av nettbasert psykoedukasjon (passiv kontrollgruppe)  

I denne studien fann dei at ein sjølvhjelpsversjon av VR-treninga var effektiv til å redusera prestasjonsangst-symptom og at deltakarane fekk mindre symptom enn den passive kontrollgruppa. Det var ikkje signifikante forskjellar mellom VR-gruppa og den aktive kontroll gruppa.  

– Fordelen her er skalerbarhet og at om me får lansert ein VR-applikasjon, som er på agendaen, så kan ungdommen lasta ned treninga til sine eigne VR briller. Då kan dei setta i gang på eiga hand utan å måtta oppsøka ein terapeut, seier Kahlon.

Dette seier Kahlon kan bidra til meir førebygging, mindre stigma for ungdom og at dei då tørr å ta imot hjelp når den er så lett tilgjengeleg.  

UngSpotlight i bruk på ung.no  

Medan INTROMAT utvikla programmet hadde Youwell eit leverandørmøte med Helsedirektorate/Digi-Ung i ein anbodskonkurranse om digitale verktøy.  

Dei la då fram UngSpotlight intervensjonen. INTROMAT vart kopla på, presenterte prosjektet og vann fram.  

– Etter det har det vore litt revideringar av programmet før me for ein månadstid sidan kom i mål og har gjort intervensjonen tilgjengeleg på blant anna ung.no, fortel Kahlon.  

Det er den nettbaserte sjølvhjelpsversjonen som er gjort tilgjengeleg, og ikkje VR-applikasjonen. Du kan sjå programmet her.