Aktuelt

– Våg å feile

Paul Iske

Det var bodskapen til professor Paul Iske då han heldt foredrag under ForHelse si fellessamling 2. desember.

I fellessamlinga var alle aktørar i ForHelse invitert for eit spennande føredrag av mannen bak «Brilliant Failures», Paul Iske.

Iske har sjølv lang erfaring med prosjektarbeid, og alt som kan gå galt i ein slik prosess. Etter mange år med prøving og feiling oppdaga han at mange legg for lite vekt på feila ein gjer.

Han starta presentasjonen med å samanlikna prosjektarbeid med å korleis ein legg fram eit perfekt liv på Facebook.

-Ein ynskjer å vise alt som går bra, men unngår kanskje å vise det som ikkje gjekk så bra, seier Iske.

Iske starta «Brilliant Failures» nettopp for å vise kor viktig det er å feile og at ein ofte burde sjå på prosjekt frå slutt til start og ikkje frå start til slutt.

Skjermbilde fra presentasjonen til Paul Iske. Bilde illustrerer "Brilliant Failures" som viser hvor viktig det er å feile og lære av feilene.
Skjermbilde frå presetasjonen til Paul Iske.

-Ein startar ofte med mange gode idear, går igjennom alle dei nødvendige prosessane, og når ideen endeleg skal implementerast så går det galt – spesielt i helsevesenet, forklarar Iske.

Han poengterte også kor viktig arbeidsmiljøet er og korleis eit «dårleg» arbeidsmiljø kan påverka prosessen.

Iske seier ein kan skilja mellom fire ulike arbeidsmiljø. Apatiske, komfortable, stressande og eit miljø som fremjar læring.

Som ein del av denne presentasjonen fekk alle i ForHelse svara anonymt på korleis dei oppfatta sitt eige arbeidsmiljø. Her svarte (heldigvis) dei fleste at dei jobba i eit miljø som fremja læring.

Han avslutta seminaret med å sei at å ha lov å feile bør vera ein menneskerett og at alle prosjekt og arbeidsmiljø burde ha gode rutinar for korleis ein kan lære av det som går galt i staden for å skjula det.

-Eg håpar bodskapen min er klar – ting vil alltid gå galt, seier Iske.

Skjermbilde fra presentasjonen til Paul Iske som viser samme situasjon fra to ulike perspektiver.
Skjermbilde frå presentasjonen til Paul Iske.