Aktuelt

To nye nettbaserte behandlingar til eMeistring i Helse-Bergen

eMeistring har i samarbeid med DigiHub i Forhelse utvikla to nye nettbaserte behandlingar for personar med insomni og ADHD.

-Me i eMeistring er veldig fornøyde med resultata av dei nye programma for Insomni og ADHD. Me er også takknemleg for samarbeidet med Intromat/Forhelse og DigiHub, seier seksjonsleiar i eMeistring, Kjersti Skare.

Før jul starta arbeidet med å utvikla eit nettbasert behandlingsprogram for personar med insomni. Behandlinga og det faglege innhaldet er utvikla av Kerstin Blom, søvnekspert og forskar ved Karolinska Institutet i Stockholm. DigiHub har i samarbeid med Blom utvikla den visuelle profilen og det digitale innhaldet.

I tillegg til eit sterkt fagleg innhald og metode, er programmet utstyrt med ei digital søvndagbok, ei verktøykasse med informasjon og store mengder illustrasjonar og interaksjonar som skal fremja brukarmedverknad og læring hjå pasienten.

Illustrasjonsbilde av tre moduler inne i eMeistrings-programmet.
Begge behandlingane er modulbaserte som du ser eit eksempel på her.

Etter jul starta arbeidet med eit nettbasert behandlingsprogram for vaksne med ADHD. Det faglege innhaldet, og programmet, vart først utvikla av psykolog og forskar Robin Kenter, som også er arbeidspakkeleiar i Forhelse.

Behandlinga som Kenter først laga var eit sjølvhjelpsprogram som vart brukt i forsking i bruk av nettbasert behandling for vaksne med ADHD. Med tilbakemeldingar frå klinikarane i eMeistring har DigiHub gjort justeringar og endringar i programmet for at det skal kunne brukast med terapeutstøtte.

-Sluttproduktet er pedagogiske, brukarvennlige og moderne program som me gler oss til å ta i bruk, seier Skare.

En video som benyttes i eMeistrings-programmet. I videoen får vi et gjensyn med karakteren Nora.
ADHD-programmet brukar blant anna videoar som eit verkemiddel.

Ho fortel at dei planegg ein pilot av insomni-programmet etter sommarferien og håpar dei kan ta de i ordinær bruk i løpet av hausten 2022. Det gjeld også for ADHD programmet.

-eMeistring er eit godt tilbod og me ynskjer å nå ut til flest mogeleg pasientar med behandlinga vår. No når me får fleire behandlingsprogram, kan me tilby endå fleire pasientar behandling. Behandling for insomni og ADHD er etterspurt i helsetenesta og me har opplevd stor interesse rundt når programma kan takast i bruk. Me er spent på korleis dei nye programma blir mottatt av pasientar og kollega.

-Det har vore svært lærerikt og spennande å få jobba med eMeistring i utviklinga av desse programma, seier teamleiar i DigiHub, Ingeborg Kløve-Graue.

Ho fortel at det har vore viktig i utviklinga å få jobba med eMeistring som har brukt nettbasert behandling i fleire år, og få lære av dei.

-Samtidig trur eg dei har hatt nytte av vårt team som har ein tverrfagleg bakgrunn og kan bidra med å gjera programma både visuelt fine, men også brukarvennlege, seier Kløve-Graue.

Begge programma er laga på næringslivspartner Youwell sin plattform.

-I tillegg til eit godt samarbeid med eMeistring har det også vore viktig å ha ein stødig og innovativ næringslivpartner som Youwell med på laget, og eg håpar og trur dette vil vera program som blir tatt godt i mot, seier Kløve-Graue.