Aktuelt

Stor interesse for digitalt ADHD-kurs for vaksne

Det digitale treningsprogrammet MinADHD vart laga for vaksne over 18 år og etter to inntaksrundar til studiet fekk dei inn over 300 søkarar.

ADHD er ein diagnose med ein prevalens på 2-4% i den norske befolkninga. Dei som har diagnosen kan oppleva symptom som å vera ukonsentrert og impulsiv, men også ha ein utruleg kreativitet, energi og fleire andre positive eigenskapar.

– Mange tenkjer på ADHD som ein diagnose som er vanligast blant barn, men ADHD kan også medføra problem for vaksne. Mange vaksne med ADHD har utfordringar i kvardagen, men det er få tilbod som kan gje dei den hjelpa dei treng, seier Robin Kenter, post doc og leiar for studien.

Portrettbilde av post doc Robin Kenter
Robin Kenter, post doc

Ho fortel at behandlingstilbodet til vaksne med ADHD i stor grad består av medikamentell behandling. Ifølge Kenter er det mange som har effekt av medisinar, men det er også ein stor del som ikkje kan eller vil bruka det.

– Me har laga eit sjølvhjelpsprogram kalla «MinADHD» for dei som ynskjer eit ikkje-medikamentelt tilbod seier Kenter.

Brukte ekte historier og videoar som verkemiddel

Studien og programmet vart laga i samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Haukeland sjukehus.

Teamet bestod av psykologar, kliniske forkarar, IT-forskarar og erfaringsekspertar. I tillegg la dei stor vekt på å snakka med vaksne med ADHD.

– I utviklinga av innhald og tema i programmet har me hatt spesielt stor nytte av innspel frå vaksne med ADHD. Dei vart våre ekspertar, seier Kenter.

Innhaldet i MinADHD bygger på generelle prinsipp frå kognitiv åtferdsterapi, dialektisk åtferdsterapi og goal managment treining. Totalt har MinADHD sju modular som dekker sju ulike tema.

I kvar modul får ein høyre historier og erfaringar frå menneske med ADHD. Dette vart visualisert gjennom videoar der skodespelarar fortale historier og delte erfaringar.

– Hensikta med MinADHD er å gje vaksne som har ein ADHD diagnose fleire reiskaper for å redusera symptom og handtera dei betre, seier Kenter.

Illustrasjonsbilde av programmet MinADHD, og 6 av modulene inne i programmet.

Måtte stenga inntak til studie etter berre 48 timar

Dei hadde første inntak til studien i 2020, og trass i at ingen hadde høyrt om programmet tidligare, så fekk dei 120 deltakar etter ei veke.

I 2021 var det heile 198 som meldte seg på etter berre 48 timar då dei bad om nye deltakarar.

– Eg må sei eg er overraska over kor mange som gjennomførte programmet og svarte på spørjeskjema. Deltakarane våre har gjort ein kjempe innsats, seier Kenter.

Kenter fortel at dei har kjørt fleire studie dei siste åra med eit mål om å forbetra MinADHD. Resultat frå RCT-studien viser at deltakarane har fått signifikant betre merksemd og betre livskvalitet. Dei same svara har dei fått når dei har følgt deltakarane opp tre månader seinare.

I tillegg viser RCT-studien at dei fleste er fornøyd med tilbodet; 90% vil anbefala MinADHD til ein venn og 87% seier dei vil bruka det dei har lært gjennom MinADHD i tida framover.

– Vanlegvis ser ein eit mykje større fråfall i program som er reine sjølvhjelpsprogram, seier Kenter.

Kenter forklarer at det kan vera vanskeleg for alle menneske å forplikta seg til eit program og gjera endringar i livet. For vaksne med ADHD kan det vera ekstra utfordrande då dei kanskje i mindre grad klarar å konsentrera seg eller er meir impulsive.

– Dei har likevel klart å gjennomføra endringar i korleis dei handterer vanskar og problem, og gjera endringar i kvardagen sin, seier Kenter.

Håpar fleire kan få tilbodet i framtida

– Under utviklinga av programmet har me alltid hatt sluttbrukarane i tankane våre. Det er vårt store ynskje at dette programmet skal bli lett tilgjengeleg for alle som treng det, seier Kenter.

Det er ifølge Kenter mange som etterspør ikkje-medikamentelle tilbod.

– Me håpar vårt program kan bidra til å gjera evidensbaserte ikkje-medikamentelle tilbod lett tilgjengeleg for vaksne med ADHD, legg ho til.

Kenter og Tine Nordgreen, senterleiar i Forhelse, jobbar no med å få programmet godkjent for bruk i Helse-Bergen i samarbeid med Bjørgvin DPS og eMeistring.