Site Overlay

Nytt team klar for å utvikla digitale helsetenester

F. v.: Terje Sandkjær-Hanssen, Runa Kongsvik, Toyha Vengsholt og Ingeborg Kløve-Graue

Forskingsavdelinga i Divisjon psykisk helsevern ynskjer å gjera det lettare å utvikla og bruka digitale helsetenester innan både somatikk og psykiatri. Det skal det nye teamet DigiHub legga til rette for.  

Kvardagen blir stadig meir digital, også i helsevesenet. IKTPLUSS-prosjektet INTROMAT har i fleire år jobba med å utvikla digitale intervensjonar for pasientar med psykisk sjukdom. Dette arbeidet skal no vidareførast i Forskingssenter for digitale psykiske helsetenester (Forhelse).  

Psykologspesialist, Tine Nordgreen, er forskingsleiar og forskinga blir gjort i samarbeid med sluttbrukarar, helsetenestene, næringslivet og andre forskarar.  

Målet for all aktivitet i forskingsmiljøet er å auka bruken av digitale helsetenester for menneske med somatiske og psykiske helseplager.  

For å gjera dette målet litt enklare å nå – så er denne gjengen tilsett.  

Dette er DigiHub – Digitalisering av helsetenester, utvikling og brukartesting:

Runa Kongsvik

Runa er teamet sin psykolog. Ho jobbar halve veka med teamet, og resten av veka på Klinikk for krisepsykologi. Runa har tidligare jobba som kommunepsykolog, med tverrfagleg rehabilitering, og i spesialisthelsetenesta med unge som utøver skadeleg seksuell åtferd.  

Toyha Vengsholt  

Toyha har bakgrunn innan psykologi med ei mastergrad i åtferdsvitskap med fordjuping i åtferdsanalysen. Ho jobbar halve veka med teamet, og er elles tilsett ved OsloMet. Der jobbar ho med innhaldsproduksjon, rettleiing og kurs i bruk av Teams/SharePoint for tilsette ved fakulteta.  

Terje Hanssen  

Terje har master i medievitskap, samt utdanning og erfaring innanfor kreative fag som illustrasjon, animasjon og video.  

– Eg gler meg til å jobba med e-helsetenester for å hjelpa menneske med ulike diagnosar, seier han.  

Terje, Runa og Toyha har alle 50% stilling, og vil vera tilgjengeleg 2-3 dagar i veka.

  

Ingeborg Kløve-Graue  

Ingeborg er utdanna sjukepleiar og har erfaring med fleire ulike pasientgrupper i både somatikk og psykiatri. Ho har det siste året jobba som journalist i NRK og produsert innhald til TV, radio og nett. I tillegg tar ho fag ved Høyskolen Kristiania i kreativ skriving, tekstforfatting og journalistikk.  

Ingeborg er tilsett 100% som teamleiar.  

Godt i gang med jobben  

Teamet skal i samarbeid med ulike aktørar utvikla, brukartesta og produsera innhald til digitale intervensjonar. Så langt har dei starta med å ferdigutvikla eit nettbasert behandlingsprogram for depresjon.  

I månedane framover skal dei starta arbeidet med nettbaserte behandlingsprogram for speleavhengige, insomni, ADHD og ungdom med angstproblematikk.  

Innhaldet i behandlingane blir laga i tett samarbeid med brukarar og aktuell fagekspertise. Dei er forskingsbaserte, og blir utvikla for pasienten ved bruk av visuelle verktøy og tekst.  

Ta gjerne kontakt med Ingeborg på ingeborg.klove-graue@helse-bergen.no om du har spørsmål om det nye teamet!