Aktuelt

Forhelse på Arendalsveka

Oversiktsbilde over debattdeltakere

17. august deltok Forhelse SFI i debatt på Arendalsveka i regi av EHiN. Temaet var «Innovasjon mot sosial ulikhet og ensomhet». Her blei det diskutert korleis vi skal gjere digitaliseringa av samfunnet på ein måte kor vi får med oss alle.

Så mange som 600.000 står utanfor digitaliseringa. Derfor er dette eit viktig tema å rette søkelyset mot. Debattdeltakarane fekk belyst tematikken godt da dei kom frå ulike bakgrunnar, som førte til ein spennande samtale med ulike synspunkt. Nokon av tema som blei tatt opp vart; kem dei einsame er, innovasjon i frivilligheit, pårørande, Helseplattformens digitale godar med meir.

Deltakarar i debatten:

  • Henriette Lauvhaug Nybakke, PhD-stipendiat, Nasjonalt senter for e-helseforskning og Forhelse SFI
  • Beate Standal, PhD-stipendiat, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB og Forhelse SFI
  • Julia Németh, innovasjon og myndighetskontakt HelsaMi, Helseplattformen
  • Ole-Marius Minde Johnsen, landsleder i Mental Helse
  • Stian Omdalsmoen, kommunestyremedlem og ordførerkandidat, Froland kommune (FrP)
  • Anita Vatland, leder, Pårørendealliansen
  • Trude Andresen, Kommunedirektør Drammen kommune
  • Moderator: Sunniva Balstad, Skribent og kompetanseansvarlig, EHiN

Følg denne linken for å sjå opptak av ein spennande og viktig debatt.