Aktuelt

Erfaringar i bruk av asynkron behandling av psykiske lidingar

Kjersti Skare og Tine Nordgreen presenterte sine efaringar i bruk av tekstbasert behandling i webinaret «Skrivende terapeut».

Bilde av Tine Nordgreen, leder for utviklingen av eMeistring og senterleder i Forhelse og Kjersti Skare, psykiatrisk sykepleier og seksjonsleder i eMeistring.
Tine Nordgreen leidde utviklinga av eMeistring i Helse Bergen og er senterleiar i ForHelse. Kjersti Skare er psykiatrisk sjukepleiar og seksjonsleiar for eMeistring i Helse Bergen.

Nasjonalt senter for e-helseforsking har denne hausten hatt ulike webinar om digital heimeoppfølging. Fredag 19. november presenterte Tine Nordgreen og Kjersti Skare sine erfaringar med bruk av rettleia internettbehandling.

I webinaret fortalde dei om eMeistring og deira tilbod. Der dei blant anna tilbyr internettbehandlingar for angst og depresjon

Behandlingane vart i første omgang basert på studie frå Sverige med liknande program. I tillegg har dei sjølv gjennomført studie i eMeistring som viser at behandlingane har god effekt.

I tillegg presenterte dei forsking på terapeutrollen og korleis behandlingsprogramma blir brukt.

Samspel med pasientane

-I bruk av internettbasert behandling er det klart at det blir ein avstand mellom terapeut og pasient, og den må me ta på alvor, seier Skare.

Nokon av utfordringane ved bruk av internettbehandling er blant anna at ein ikkje får «snakka ut» med pasienten, at ein ikkje kan bruke kroppsspråk og formidle engasjement på same måte.

-Avstanden kan også vera utfordrande for terapeuten, forklarar Skare.

Det kan for eksempel bli vanskelegare for terapeuten å hugse ansikt og person, og terapeuten vil ikkje kunne observere pasienten sitt non-verbale språk på same måte.

Ifølge Skare har kollega som jobbar ansikt til ansikt med pasientar utrykt bekymring for at terapeuten ikkje vil knytte emosjonelle band mellom terapeut og pasient når behandlinga er over internett.

-Men eit emosjonelt band er ikkje den einaste faktoren for ein vellukka behandling, seier Skare.

Ho fortel dei får tilbakemeldingar frå pasientane om at dei føler seg sett og ivaretatt og at det er viktig å hugse at dette er pasientar som sjølv har ønska å få behandling over nett.

Asynkrone meldingar

I eMeistring sine behandlingar er pasienten sitt arbeid knytt til innhaldet i programmet. Kommunikasjonen som blir brukt mellom terapeut og behandlar er det dei kallar asynkrone meldingar. Det vil sei at det kan ta opp til sju dagar mellom meldingar frå terapeut og pasient.

-Det er difor viktig å tenke over korleis me formulerer meldingane til pasientane, seier Skare.

Blant anna brukar dei opne spørsmål eller svarer på eigne spørsmål for å unngå at pasientane skal oppleve at det tar for lang tid å få svar.

I tillegg prøver dei å knytte spørsmål og svar opp til det pasienten jobbar med i behandlinga.

Mange spør ikkje terapeuten om hjelp

I slutten av behandlinga får alle pasientane moglegheit til å svare på spørsmål om korleis behandlinga har fungert.

– Me ser at spesielt på spørsmålet om dei ber terapeuten sin om hjelp, så svarar 20 prosent at dei ikkje gjer det, så det er noko me skal utforska vidare, seier Nordgreen.

I evalueringsskjemaet får dei også blant anna spørsmål om korleis det var å lese teksten og korleis dei opplevde kontakten med terapeuten.

Tilbakemeldingane sviser blant anna at pasientane:

  • Skulle gjerne hatt fleire fysiske møter
  • Skulle ynskja eg fekk svar oftare
  • Sikkert ein bra behandling, men det passa ikkje meg
  • For lite tid til å gjennomføra oppgåvene

I tillegg ynskjer pasientane at terapeuten spurde om korleis dei hadde det, og ikkje berre snakka om modulane i programmet, og at dei av og til var usikre på kva dei kunne spørja terapeuten om.

Vidare utvikling av tenesta

eMeistring jobbar kontinuerlig med å finne gode måtar å kommunisera med pasientane på og finne den riktige kommunikasjonsforma til kvar enkelt pasient.

-Det er viktig at me tilpassar oss og respekterer korleis pasienten kommuniserer, seier Skare.

eMeistring er i dag eit tilbod i Helse-Vest, Helse Sør-Aust og Helse Midt.

-Me har etablert eit kompetansenettverk på tvers av helseregionane for å sikra fagleg utvikling og dele erfaringar, seier Nordgreen.

Vil du høyre meir om eMeistring og om det å vera ein skrivande terapeut kan du sjå heile webinaret ved å følge denne lenken: Webinar: Skrivende terapeut .