Aktuelt

Møt ph.d-stipendiat Beate Standal

Forhelse har den siste tida fått ei rekke nye ph.d-stipendiatar inn i dei ulike prosjekta. Hausten 2021 fekk vi dyktige Beate Standal med på laget, som vi no skal bli litt betre kjend med.

Interessa for digitale psykologiske intervensjonar fekk ho heilt tilbake i 2006 og den har følgt ho gjennom heile studie- og arbeidslivet.

Standal har fleire års erfaring frå både primær- og spesialisthelsetenesta og har i ulike settingar opplevd det som «seigt» å få i gang behandling som rettleia sjølvhjelp. Dette er noko ho har vore nysgjerrig på kvifor har vore slik.

-Kvifor ønskte du å vere ein del av Forhelse?

-Då eg såg annonsa for stipendiatstillinga som omhandla implementering av digitale psykologiske intervensjonar fekk eg straks ein tanke om at dette er eit felt som eg ønsker å bidra med forsking i. Det er vanskeleg å intuitivt forstå kva for faktorar som er viktig for implementering av denne typen metodar, så systematisk forsking er kjærkome. Så lenge omfanget av psykiske vanskar – og ikkje minst lidinga for den einskilde – er så stort, tenker eg at måten vi vel å prioritere behandlarressursane våre på må vere eit viktig tema, seier Standal. I botn er Standal psykolog frå UIB, spesialist i klinisk vaksenpsykolgi og har ei vidareutdanning i kognitiv terapi.

– Dersom ein ved hjelp av skreddersydd implementering kan gjere det meir truleg at kunnskapsbaserte metodar blir tatt i bruk i helsevesenet, kan ein kanskje spare fleire for «seige» implementeringsprosessar​, og viktigast; raskare gjere behandlinga tilgjengeleg for dei som treng den, legg ho til.

Raskare implementering

Prosjektet Standal er en del av inngår i arbeidspakke 4 og handlar om korleis best implementera dei digitale intervensjonane som er utvikla. Du kan lese meir her. Målet med Standal sitt ph.d-prosjekt er å forsøke og finne ut kva som gjer at implementering av digitale psykologiske intervensjonar ikkje går raskare.

 – Vi ser i dag at dei digitale behandlingane for psykiske lidingar ikkje blir brukt så mykje som det er potensiale for, og eg vil forsøke å finne ut av årsakene til dette ved å intervjue terapeutar, leiarar og brukarar av desse intervensjonane, legg Standal til.  Akkurat no transkriberer ho intervjuar som vart gjort i vår med terapeutar og leiarar, slik at ho kan analysere dei kvalitativt.

Kva tenker du blir viktig i den digitale framtida?

– VI må innsjå at framtida i stor grad kjem til å bli digital og at vi må førebu oss deretter. Dette inneber mellom anna at vi sørger for å gjere digitaliseringa på ein slik måte at vi får med oss alle. Det er altfor mange som blir heldt utanfor digitalt. Dette inkluderer mellom anna å sørge for at digitale løysingar er tilpassa ulike grupper og å sørge for at dei som treng opplæring for å kunne bruke løysingane får dette, seier Standal.

-Kva utfordringar ser du for deg å møte på underveis?

– Som i alle store og langvarige prosjekt så er det nesten umogleg å sjå for seg alle utfordringar som ein kan komme til å møte på. Ei utfordring for meg personleg er at det er lenge sidan eg har studert, så dette med å komme inn i lesing og å sette meg inn i aktuell litteratur tar noko tid. Elles så forventar eg at eg periodevis vil kjenne på at prosjektet ikkje går raskt nok framover. Eg har også ei ekstra utfordring med å halde kontakt med kollegaene i og med at eg hovudsakleg sit på heimekontor i Ålesund. Heldigvis så kan digitale møte i stor grad vege opp for dette, seier Standal.

Brennande engasjement

Standal har etter kvart fått stor tru på digitale psykologiske intervensjonar og sett nytteverdien av dette i praksis. Ho meiner det gir eit godt og tilgjengeleg tilbod til pasientane og er motiverande for terapeutar å jobbe med.  Dessutan trekk ho fram at det for ho handlar om eit etisk aspekt også;  for lite terapeutressursar gjer det naudsynt å tilby behandlingsformar som er lite ressurskrevjande for å sikre at flest mogleg får tilgang til behandling.

-Det er lite som slår kjensla ein som terapeut får når ein møter att ein pasient som har fått god hjelp av behandlinga på kort tid. Mitt største bidrag inn i forskingsprosjektet vil vera det brennande engasjementet eg har for å bidra til å spreie den gode behandlinga til dei som treng det. Det kjennes inspirerande å tenke på at eg kanskje kan få moglegheit til å påverke denne viktige delen av forskinga, det er verkeleg meiningsfylt, seier Standal ivrig.

-Kva gjer at du gleder deg til å gå på jobb?

– Det mest fantastiske med jobben som ph.d-kandidat er moglegheita eg har for å utforme mitt eige prosjekt og mine eigne arbeidsdagar. Eg lærer også noko nytt kvar einaste dag, som er utruleg inspirerande, seie Standal.

-I tillegg har Forhelse eit spennande miljø kor mange dedikerte og dyktige menneske er tilknytt. Det er mykje viktig forsking som skjer her, legg ho til avslutningsvis.