Arbeidspakke 4 er godt i gang!

Begge PhD-kandidatane, Beate Standal og Henriette Tyse Nygård, i arbeidspakke 4 har no fullført datainnsamlinga til sine første studier.

Nyård har i sin tidlege implementeringsstudie intervjua 20 leiarar og tilsette i primærhelsetenesta i forkant av innføringa av ein app for ungdom med angst. Ho vil forsøke å finne ut kva som skal til for at implementeringa blir vellukka. Standal har gjort observasjonar, samt intervju med 31 leiarar og terapeutar i spesialisthelsetenesta for å få deira perspektiv på kva som trengs for ei vellukka implementering av veileda internettbehandling for angst og depresjon. PhD-kandidatane held no på med bearbeiding og analyse av det kvalitative datamaterialet og foreløpige resultat er venta tidleg neste år.

SFI gratulerer Standal og Nygård med å ha nådd ei milepæl i sine PhD-forløp og ser fram til publisering av resultata.