–  Meir universell utforming for alle

I Noreg har ein eit krav om universell utforming i digitale tenester, men under Forhelse si fellessamling i mai kom det fram at ein framleis har ein lang veg å gå.

Universell utforming var eit av tema som vart tatt opp under Forhelse si fellessamling i mai. Senteret hadde invitert Kristin Skeide Fuglerud, sjefsforskar og leiar for faggruppa for Digital inkludering ved forskingsinstituttet Norsk Regnesental og Christian Thon, IKT-rådgivar i Norges Blindeforbund, til å snakka om utfordringane med universell utforming i digitale tenester. 

– Det er viktig med universell utforming for at alle skal kunne ta del i informasjonssamfunnet. Det handlar om sjølvstendekjensle og eigenmeistring, sier Fuglerud som også er førsteamanuensis på Universitetet i Sørøst-Norge i Senter for helse og teknologi. 

– Eg tenkjer det er viktig med universell utforming for at alle skal få delta på lik linje. Det er nok utestenging frå før om ein ikkje skal ha det på eit digitalt område også, legg Thon til, som blant anna med universell utforming av app’ar og nettsider.

Kva håpar de kjem du av denne samlinga med fokus på universell utforming?

– Meir universell utforming for alle – det er det som må koma ut av denne samlinga, seier Thon.

– Og at det skal gje meir berekraftige tenester og auke kvaliteten slik at fleire kan bruka tenestane, legg Fuglerud til.

Bestillarkompetanse og kunnskap er nokre av barrierane

Ifølge Thon er mangel på kunnskap og erfaring ei av årsakene til at ein ikkje lukkast med universell utforming.

– Ei anna barriere er beststillerkompetanse. Om dei som bestiller ikkje sjekkar at det er universell utforming så blir det fort nedprioritert, seier Fuglerud.

Fuglerud seier også at det er viktig å hugse at som med alt anna innan IKT er universal utforming eit kontinuerlig arbeid som må bli vedlikehald og utviklast.

– Ja, gamle løysingar er ofte ei barriere. Ein gløymer at det må oppdaterast. Når det gjeld barrierar for brukaren så tenkjer eg at kunnskap er sentralt. Ein er kanskje 80 år og får ein dings, det er ei stor utfordring for mange, seier Thon.

Brukarane må involverast

Ifølgje Thon og Fuglerud finst det fleire områder som kan skapa problem for brukaren. Blant anna kan pålogging bli eit problem då det er vanskeleg å bruka Bank-ID dersom ein ikkje er norsk statsborgar eller under 16 år.

Kristin Fuglerud heldt innlegg om universell utforming på fellessamlinga til Forhelse

– Når ein jobbar med universell utforming er det å involvera brukarane kjempeviktig. Ein ting er teknisk tilgjengelegheit, om den følgjer ein standard så er den universelt utforma i teorien, men for å verkeleg vera universell så må ein involvera brukaren. Ein burde gjerne ha med fleire brukarrepresentantar på generell basis og samarbeida med interesseorganisasjonar, seier Fuglerud.

-Eg trur det er lurt å kunne visa folk korleis systema vert brukt av dei det gjeld. Når ein skal designe ein butikk så må butikken ha ein fin flyt. Men om eg har funne vegen inn i butikken gjennom lageret – kor brukarvennleg er løysinga då? Det å sjå løysinga bli rive litt i filler av brukarane kan vera ein augeopnar for mange, legg Thon til.

Dei legg begge til at ein ikkje må gløyme honorering av brukarane. Dei blir ofte forventa å jobba gratis, men fleire bør legge til rette for at dei får betalt for jobben dei gjer då dei er ekspertane på sine utfordringar.

Råd frå Kristin Fuglerud om korleis ein kjem i gang med universell utforming i forskingsprosjekt: Når ein skal sikra universell utforming i forskingsprosjekt er det lurt å starte med å sjekka at ein held lovkrava, det vil sei WCAG (Web Content Accessibility Guidelines) før ein konsulterer med brukarane. WCAG er retningslinjer for korleis digitalt innhald kan gjerast lettare tilgjengeleg for personar med funksjonsnedsettingar, og eldre med aldersrelaterte funksjonsutfordringar. Når ein har følgt desse retningslinjene er det viktig å også få brukarevalueringar for å sikre nytteverdi. Ein kan komma i kontakt med brukarar gjennom interesseorganisasjonar og råd.