Partnere

Bergen Kommune

Bergen kommune er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen vert styrt etter prinsippet om byparlamentarisme, med eit byråd som utøvande organ. Administrasjonssenteret i kommunen er byen Bergen, som òg er eitt av seta for fylkesmannen i Vestland fylke, og for administrasjonen i Vestland fylkeskommune.

Helse Bergen

Haukeland universitetssjukehus har over 14.000 dyktige medarbeidarar som kvar dag jobbar for at pasientane skal få spesialisthelsetenester med god kvalitet når dei treng det. Vi arbeider for pasienttryggleik, vi legg til rette for gode arbeidsmiljø og vi forbetrar tilbodet vår slik at vi bruker ressursane på best mogleg måte. Slik vidareutviklar vi tenestene til det beste for pasientar og samfunnet.

UiB logo

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er Vestlandets viktigaste kunnskapsinstitusjon. Vi er eit internasjonalt retta forskingsintensivt breiddeuniversitet. Universitetet driv forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid og undervisning innan eit stort spekter av fagområdet. UiB har 7 fakultet og 40 institutt. Det er 4 215 årsverk ved UiB, der 53 prosent er kvinner og 47 prosent menn. Hausten 2021 var det 19 641 studentar ved Universitetet i Bergen.

Voss Herad

Voss er ein kommune i Vestland fylke.